Førebuing til sommarsesongen

Første pølseserie klar til speking

Etter eit godt sal i jula, måtte me sette i gang ein ny produksjonsserie. 300kg med sauekjøt er nå klar til å bli spekepølse som blir klar til sommarsesongen.

Me har eit samarbeid med Breheimsenteret om leige av produksjonslokale og me vil prøve å selje mot turistar som kjem til dalen i løpet av sommaren. Me er framleis i utprøvingsfasen, særleg sal, og skal prøve oss litt fram med både innpakking og profilering. Den nye logoen er første del av dette arbeidet.

Legg att eit svar