Rein mat?

Foredlingsanlegget og arbeidsrutinane våre er utarbeida i samarbeid med Mattilsynet og sikrar at alle produkt har høgste kvalitet.

Men kva med radioaktivitet? Radioaktivitet finn ein rundt oss over alt utan at me ser det. Nivåa er harmlause for oss, men opphoping kan vere skummelt. I Jostedalen har me sidan Tsjernobel-ulykka i 1986 testa sauene kvar haust. Vårt område fekk nedfall etter ulykka og det tek mange år før det forsvinn, men testinga viser at nivået har blitt mykje redusert sidan 1986. Også i 2017 vart becquerel målt på 20 av våre dyr. Snittet var 200 becquerel per kg, noko som er langt under grensa. Men kva betyr desse tala?

Mattilsynet set grensene for radioaktivitet i matvarer
– Tamrein, vilt og vill ferskvannsfisk: 3000 becquerel per kg
– Andre matvarer (inkl. honning, sopp og bær (og sau…)): 600 becquerel per kg
– Melk og barnemat: 370 becquerel per kg

Steiking, tørking og røyking reduserer ikkje mengda av radioaktive stoff i maten, men både koking og salting reduserer nivået. «Salting av kjøtt og fisk over lengre tid trekker også ut de radioaktive stoffene. Dette kan gi en reduksjon på 50-90 prosent.» (Mattilsynet sine nettsider). Mattilsynet seier vidare at ein kan spise inntil 10 måltider i veka dersom det blir målt 600 becquerel per kg i kjøtet.

Så er Brelam rein mat? Brelam har faktisk testa sine råvarer og dei har eit nivå som ligg om lag på halvparten av grensa for barnemat! I tillegg vert radioaktive stoff drege ut av kjøtet i foredlinga gjennom salting. Svaret er ja….

Legg att eit svar