Reko-ringen Sogndal

Reko-ringen Sogndal

Korleis få til ein enkel sals- og kjøparkanal mellom lokalmatprodusentar og lokalmatkjøparar er og har vore ei av dei store utfordringane å auke opp salet av lokalprodusert mat. Sal på nett gjorde dette lettare, men postlegging og distribusjon kan framleis vere ei utfordring. For små produsentar er fysiske møte truleg det beste, men kvar?

Ein REKO-ring fungerer som kontaktplattform mellom forbrukarar og lokale produsentar. Lokal mat blir lettare tilgjengeleg for kunden og produsenten kan selje sine varer effektivt utan mellomledd. Det er i prinsippet så enkelt at kvar produsent annonserer sine varer på ei felles facebook-gruppe, kjøpar bestillar kva han vil ha og kor mykje og så er det eit fast møtepunkt og tidspunkt kor seljar og kjøpar møtes.

Reko-ringen Sogndal starta opp i 2019 og har blitt eit populært tilbod. Imponerande stor variasjon av produkt og stor oppslutning av brukarar. Utlevering skjer kvar anna veke ein liten time. Nå samlast ein på parkeringa ved Sjøkanten .