Brelam

Oppbevaring

Brelam er oppteken av at produkta våre skal halde høg kvalitet. Det er viktig for oss at de også klarar å halde kvaliteten på produktet etter at de har kjøpt det hos oss.

Når produktet blir seld frå oss, er det klart til bruk. Ferskt og salta kjøt er klart til gryta og spekemat er klart til bordet.


Salta kjøt

er pakka i vakumpose. Lagrast til datostempling, men frys snarast om det skal brukast etter datostempling.

Pinnakjøt/Pinnabog

vil me at du legg i frysen så raskt som råd. Kjøtet er pakka i vakumpose for å ta vare på kvaliteten. Tin opp kjøtet før utvatning ved å la det ligge på disken.

Fenalår

er pakka i vakumpose. Det skal ikkje vere luft inne i ein tett pose. Når de opnar posen, må kjøtet oppbevarast tørt, mørkt og kjølig. De kan gjerne la låret ligge inne i den opna posen i kjøleskapet. Alternativt kan låret hengast opp tørt og mørkt, men då tørker låret inn etter kvart. Beste alternativet for lengre lagring er frysing. Du kan ta opp låret frå frysen (la det tine 5 min før skjæring) og legg det tilbake etter bruk. Slik vart også spekekjøt brukt tidlegare då det hang ute i stabburet.

Spekepølse

er pakka i vakumpose. Lagre i kjøleskap eller i frys. Tips: Del ei stor pølse i to; Spar ei i frysen til seinare, mens de legg den andre luftig i kjøleskapet.


NB! Dersom vakumposen ikkje ligg tett inntil kjøtet, er han punktert. Då må produktet frysast eller opnast heilt slik at produktet held seg tørt.