Produkt

Oversikt over dei produkta Brelam leverer:


Økologisk pinnakjøt (utsolgt-2019)

Pris pr kg: Urøykt kr. 340 – Røykt kr. 360 inkl mva

Kvar side er i ein pose på ca. 2 kg. Sjå «Meir informasjon» i menyen til venstre om produksjonen og tilbereding.


Økologisk fenalår

Pris pr kg: Urøykt kr. 310 – Røykt kr. 330 inkl mva 

Lammelår salta og langtidsturka.  Lammelåra vert selde vakuumert. Kvart lår ferdig speka vil vanlegvis vege i overkant av 2 kg.


Spekepølse

Heil pølse: Kr. 370,- inkl. mva (ca. 600g)
1/2 pølse: Kr. 210,- inkl. mva (ca. 300g)

Spekepølse etter gammal metode. Spekepølsemetode som dei truleg har brukt i hundrevis av år – kanskje heilt tilbake til vikingtida.

Kjøttdeigen blir modna/fermentert i vakuumposar i fleire veker (i kjøl)  før pølsene blir stappa. På den måten fell PH verdien sakte, og dei gode mjølkesyrebakteriane, som gjev den flotte spekesmaken, får utvikle seg over tid.

Sidan det er fårekjøtet sin eigen smak som skal dyrkast fram,  blir det ikkje brukt tilsetningsstoff.  Dei naturlege prosessane skal gje smaken.  I røykeprosessen nyttar me or og einer. Dette er ein del av konserveringa og røykinga lagar ein fin smak på pølsa.



Saltakjøt 

Pris pr kg: Kr. 160,- inkl. mva

Saltakjøtet vårt er laga av bøgene på lamma. Kjøtet vert salta, vatna ut og hengt til tørking til dei har fått rette smaken. Stykkene er lettsalta og klar for gryta. Tradisjonell middag med dei beste råvarene!