Sal sommaren 2017

Sal sommaren 2017

Då står sommaren for dør og kald spekemat passar perfekt i sommarvarmen, anten som eit måltid med t.d. potetsalat eller som snacks på terrassen saman med noko godt i glaset.

Brelam har tilgjengeleg både spekepølse og fenalår nå i sommar som kan bestillast direkte av Einar Blikra på 976 47 199. Dette er også ei flott gåve til eit jubileum eller til eit festeleg lag.

Utanom direkte sal, har me etablert utsal på Breheimsenteret i Jostedalen. Då sauene har beita i fjella rundt Breheimsenteret og foredlinga går føre seg på Breheimsenteret, må dette vere så kortreist mat som det er mogleg å få til. Me håpar dei mange tusen besøkande som kjem til Breheimsenteret kvar sommarsesong, vil sjå dette som ein spesiell og attraktiv suvenir som kan gje dei gode minner også når dei kjem heim att. Breheimsenteret er ein viktig samarbeidspartner for oss.

Legg att eit svar