Brelam

Bestilling

Dersom du ynskjer å kjøpe nokre av våre produkt, ta kontakt med Einar Blikra på telefon 976 47 199. I tillegg har me utlevering på REKO-ringen i Sogndal. I sommarsesongen har me eit lite gardsutsalg på garden til Einar, og sel spekepølsene på Breheimsenteret.

Spekepølsene er tilgjengeleg heile året.

Saltakjøtet er tilgjengeleg i løpet av oktober og utover vinteren.

Pinnekjøtet vert klart i november/desember og fram til jul. Kan tingast på førehand.

Fenalår vert klart i løpet av desember. Kan tingast på førehand. Har òg halve. Dette held seg godt ut over vinteren og set spissen på ein kvar fest eller som snacks på laurdagskvelden.

Spekemat kan sendast i posten.