Om oss

Brelam er ei foredlingsbedrift som vart etablert i 2017 som er eigd av Jostedal samdrift Da. Alt er produsert av sauekjøt frå produksjonen til Jostedal Samdrift. Med etablering av Brelam følgjer me heile prosessen frå lamming, beite i høgfjellet under breen til tradisjonell foredling.

Både sauehaldet og foredlinga økologisk med godkjenning frå Debio. Deltakarane er Einar Blikra, Magnus Snøtun og Jan Kåre Norberg. Brelam er ei vidareføring av samarbeidet som me starta med fellesdrifta i 2007 og ei felles interesse for å skape eit kvalitetsprodukt med utgangspunkt i ressursane i Jostedalen.

Hovudproduksjonen vert gjennomført i Breheimsenteret der me har fått leige kjøkken, kjøl og frys. Den andre delen av produksjonen – d.v.s. røyking og turking vert gjennomført på garden til Einar. Røyking vil foregå i gammalt stabbur. I røykeprosessen vil det verta nytta einer og or. I tillegg er det laga ny turke som vil verta teken i bruk til turkinga.