Kva er Brelam

Kva er Brelam

Kva er Brelam?

Lengst oppe i fjella, klemt inn mellom Breheimen og Jostedalsbreen, driv tre sambygdingar eit felles føretak med sau. Fram til 2007 dreiv dei kvar for seg på kvart sitt familiebruk med 30-60 vinterfora sauer. Som del av eit bygdeutviklingsprosjekt vart tankane om at ein kunne drive enklare om ein slo seg saman skapt. Utgangspunktet var å finne ein måte å drive enklare på vidare. Men så viste det seg også at ein kunne drive betre, særleg at fleire hovud tenkjer betre enn eitt (stort sett).

Og det er utgangpunktet for Brelam; diskusjon om utvikling, modning, timing og så berre prøve.

Legg att eit svar